Bokomtale: Hellige ord i vanlige liv

«Hellige ord i vanlige liv» er ei studie av kyrkjegjengarar si forventning til preika. Boka er rapporten etter Hilde Fylling sitt Olavsstipendprosjekt i 2014. Prosjektet gjekk ut på å skaffa kunnskap om korleis kyrkjegjengarar oppfattar gudstenestepreiker, korleis dei tenker om preiker dei høyrer, kva dei legg merke til, kva som vert opplevd som verknadsfullt og korleis dei vurderer verkemidla som presten brukar i preika, som fortellingar, eksempel, aktualiseringar og bilde. Ho har bede kyrkjegjengarar i Nord-Noreg senda personlege tekstar til henne der dei reflekterer over preika. Deretter vart 8 av dei 31 informantane intervjua. Dette er blitt eit spennande og framfor alt nyttig prosjekt, for informantane er samstemte og tydelege: At presten er engasjert er avgjerande for ei god preikeoppleving.

Det er lite empirisk forsking på preikeresepsjon og lite som er så tilgjengeleg som denne korte boka. For ein prest er dette ein verdifull lyttepost til tankar frå kyrkjebenken som gjev impulsar til refleksjon om eigen preikepraksis. Boka kan lesast både som ei inspirasjon til eigen presteteneste og som ein replikk i en fagleg samtale om homilietikk og pastoralteologi. Ikkje minst dei tre avsluttande refleksjonane frå andre bidrar til den faglege samtalen.

Boka er bygd opp av korte kapittel der det vert gitt stor plass til sitat frå informantane som så vert kommentert i teksten. Dermed kan lesaren gjera sine eigen refleksjonar ut frå sitata, og det gjer at meldingane ofte blir sterkare enn når innhaldet vert parafrasert og kommentert. Til slutt vert funna drøfta ut frå nyare homiletisk litteratur og det er verdifullt at ho tar inn mange forfattarar og sørgar for breidde i samtalen.

Etter innleiing og metode kjem kapittelet «Kirkegjengerenes forventninger». Her er mykje som ein erfaren prest vil kjenna seg igjen i, og mykje som er utfordrande for ein predikant. Det er både oppmuntrande å lesa at det er positive forventningar til at preika skal gje dei noko, og det kan vera litt skremmande at dei har konkrete og store forventningar til preika: om styrke til kvardagslivet, om å bli rørt, om få styrka trua, om å bli forandra, om å få møta Gud, i tillegg til forventningar til gudstenesta om eit sosialt fellesskap og kulturelle opplevingar. Ein sa det slik: «Jeg vil bli berørt. Jeg vil kjenne at det angår meg.»

I kapittelet om «Prestens autoritet» får me på den eine sida lesa om stor forventning til presten som fagleg autoritet og teolog, på den andre sida gjev ikkje tilhøyrarane presten automatisk autoritet. Presten kan ikkje få gjennomslag i kraft av stillingas autoritet, og må finna seg i å vera ei av fleire røyster og må argumentera fagleg eller ut frå si truserfaring for sitt synspunkt. Tilhøyraren kan gjerne motseia presten i sin indre dialog og vera usamd, og det er viktig for dei å bli respektert for sine tankar.

Sjølv om rapporten er ei deskriptiv undersøking vil ein prest få hjelp til å møta utfordringane i kapitla «Når prekenen engasjerer», «Språk og struktur» og «Bilder, fortellinger, konkrete elementer og aktualiseringer» og «Engasjement og ærlighet». Her er informantane detaljerte om kva preiketekniske grep dei opplever fungerer og om kor viktig presten sitt eige engasjement er for kommunikasjonen. Dette ser eg som ein frukt av eit godt metodisk grep. Gjennom intervju vart informantane spurt om å vera konkrete: «Hva betyr det om presten er engasjert?» og «Hvordan merker du tilstedeværelse?» Og den presten som les vil få svar: Det dreier seg om at presten sjølv er engasjert, ærleg og tilstades i blikkontakt og kroppspråk, tør å aktualisera og vera livsnær og bruka eiga truserfaring i eit nært og forståeleg språk, og gjerne brukar fortellingar og bilder, særleg i starten for å fanga interesse, er godt førebudd, har ein raud tråd og ikkje for mange poeng. «Og så må jeg oppleve at…det ikke bare er teori, at det er noe han eller hun forholder seg personlig til, at det betyr noe viktig for presten.»

Sjølv om ho drøftar funna i forhold til mange homiletikarar er hovudperspektivet hennar preika som dialog. I kapittelet «Det dialogiske perspektiv» drøftar ho dette ut frå Bo Larsson, men særleg ut frå Marianne Gaarden si avhandling om preika som ei røyst i tilhøyraren sin indre dialog for å skapa meining. Vekta hos Fylling vert likevel ikkje på den indre dialog, men på presten si rolle. Ho konkluderer med: «Presten er en viktig bidragsyter i dialogen, og hvis presten ikke oppleves å være til stede i dialogen som en troverdig person eller ikke velger språk, bilder og erfaringer som egner seg i en samtale, kommer ikke dialogen i gang, da skapes heller ikke mening.»

Kapittelet om «Logos, pathos og ethos» konkluderer på same måte, at ethos, korleis presten framtrer i preikesituasjonen, er avgjerande for utbyttet. Her er det tatt med ein interessant liknande amerikansk empirisk undersøking som tar utgangspunkt i desse tre appellformene frå Aristoteles. Kapittelet ber preg av litt unøyaktig framstilling av retoriske omgrep og hadde nok hatt eit større potensiale til å analysera funna.

Kva er så hovudkonklusjonane? Fylling skriv at «Et av de klareste funnene i studien er at prestens engasjement er avgjørende for utbyttet av prekenen». To funn overraska henne: Det første var at informantane sine svar var nokså like trass i ulik alder, geografi, utdanning, kyrkjeleg bakgrunn og liknande. Dei sa det same om kva som gjer at preiker fungerer og kva som gjer at dei ikkje fungerer. Det støttar ikkje den tanken enkelte har om at tilhøyrarane er så ulike at det som passar for den eine passar ikkje for den andre. Det andre var korleis kyrkjegjengarane tar ansvar for sitt eige utbytte og for andre i kyrkja, dei er lojale og ser seg som deler av ein kropp.

Til slutt følgjer tre responsar på rapporten frå Stig Lægdene rektor ved KUN, Herborg Finnset domprosten i Tromsø og Bent Krupka førstamanuensis ved KUN. Dei reflekterer over utfordringane Fylling gir i rapporten og bidrar til ein fagleg samtale rundt funna som fører samtalen vidare.

Herborg Finnset stiller spørsmål om kva dette kan betyr for kyrkjelege medarbeidarar i arbeidet med gudstenester og preiker.

Bent Krupka tar utgangspunkt i to funn hos Fylling, det fleirstemmige og den myndige tilhøyrar og drøftar utfrå og gjev ei innføring i Schleiermacher si forståing av gudstenesta og preika som ei fleirstemmig hending og hans forståing av det myndige subjekt.

Stig Lægdene drøfter kva desse funna kan ha å seia for homiletikkundervisninga og danninga av prestar i dialog med Halvor Nordhaugs homiletikk og utvidar dermed refleksjonsområdet. Han tar opp tanken at lyttarane sjølv skaper meining og i kva grad presten sjølv er ein del av bodskapen saman med erfaringa av at når preika ikkje rører tilhøyraren er det først og fremst når innhaldet er svakt og ikkje så mykje forma. Når lyttarane seier at det er når presten framstår som autentisk og deler av eigen erfaring at dei kjenner at preika rører dei, kva betyr det når ein skal reflektera om presterolla og pastoralteologien? Kan ein lesa eit presteideal ut av dette?

Ein matnyttig og inspirerande Olavstipendrapport som oppfyller stipendet sitt formål om bidra til utvikling av praktisk-teologisk kunnskap og kunnskap om praktisk presteteneste.