Bokomtale: Olsok. Norges feiring av Olav den hellige
Ørnulf Hodne 2021: Olsok. Norges feiring av Olav den hellige. Oslo: Novus forlag.
Folkloristen og kulturhistorikaren Ørnulf Hodne er ein produktiv forskar og forfattar. Han har skrive over 30 bøker, m.a. om norsk jule- og påskefeiring i lys av folketradisjonen og om kyrkje og fritid i norsk mellomkrigskultur. I fjor kom han med boka Olsok. Norges feiring av Olav den hellige, som gir eit samlande oversyn over olsokfeiringa frå helgenkåringa av Olav i 1031 fram til i dag. Hodne nyttar eit vidt og mangslunge kjeldetilfang, som han listar opp i føreordet: «Lovverk, middelalderlitteratur, kirkehistorie, prekener, bildekunst, musikk, historiske spill, folkediktning, lokalhistorie, jubileumsskrifter, politiske taler, debattinnlegg m.fl.», og han siktar mot å vise «hvordan historien og tradisjonen aktivt er brukt og fortsatt brukes av stat og kirke for å fremme både politiske og religiøse grunnholdninger». Boka er meint å vere eit bidrag til førebuingane av 1000-årsjubiléet for slaget på Stiklestad i 2030, og det historiske oversynet vil gi bakgrunn for å reflektere over kva innhald og funksjon olavsarven har eller kan ha i dag.
Framstillinga er kronologisk strukturert og tek til med helgenkåringa. Hodne dokumenterer framveksten av olavskulten og olsokfeiringa gjennom skaldekvad, liturgiar, historiske verk (der olavssoga i Snorres Heimskringla er sentral), den legendariske olavssagaen, homilieboka og jærteiknsoger, og han viser på forvitneleg vis korleis desse ulike kjeldekategoriane bygger på og er vovne inn i kvarandre. Andre kapittel gir ei grundig innføring i olsokfeiring og olavstradisjon i høgmellomalderen i Nidaros og elles rundt i landet, med pilegrimsvandringar, ein rik segnflora der olavskulten overtok fleire trekk frå den gamle gudelæra, og dessutan den sentrale kulten som vaks fram kring dei undergjerande olavskjeldene. Tredje kapitlet tek for seg reformasjonen og konge og styresmakter sine freistnader på å forby olavskult og olsokfeiring. Trass i dette overlevde mykje av olavstradisjonen og olsokfeiringa ute i folket, noko Hodne gjer greie for i kapittel 5. Bålbrenning, oppsøking av heilage kjelder, olsokveitsle på stølen og olsokgraut var tradisjonar som vart haldne i hevd, særleg på Vestlandet, og olsok vart også verande ein merkedag for ver, årsvekst, fangst og fiske. Somme stader ser ein elles at tradisjonar knytte til olsok vart flytte til jonsok, særleg kjeldekulten. Kapittel 4 syner korleis både Heilag Olav og olsoktradisjonane vart attoppliva i nasjonsbygginga og sjølvstendekampen i opptakten til og i kjølvatnet av 1814 og vidare ut gjennom hundreåret. Vi ser det ikkje minst i historieskrivinga hos P.A. Munch og J.E. Sars, og vi ser det hos folkekjære diktarar som Andreas Munch og Bjørnson. Kapittel 6 gir ei grundig utgreiing om atterreisinga av olsok som kyrkjehøgtid, som fekk sitt definitive gjennombrot med 900-årsjubileet i 1930, med store gudstenester i Trondheim og på Stiklestad. Kapittel 7 tek opp ei mørkare side av olavsresepsjonen gjennom Nasjonal Samlings bruk av den i samband med okkupasjonen, men viser også kor snøgt Heilag Olav vart attvunnen som symbol for nasjonal fridom og kampen mot nazistisk tankegods. Tema for dei to siste kapitla er den nye veksten i olsokfeiringa utover i etterkrigstida med Olavsspelet på Stiklestad og andre spel inspirerte av det. Seinare vart pilegrimsvandringane attoppliva med etablering av pilegrimsleder, Olavsfestdagane kom i gang, og no skjer det ei landsomfattande opptrapping til 1000-årsjubileet i 2030 med Stiklestad Nasjonale Kultursenter som koordinerande organ.
Hodne er ambisiøs og grundig i bokprosjektet sitt. Litteraturen om kongen og helgenen Olav er omfattande, men Hodne er den første som gir ei samla framstilling av olsok som folkeleg fest og dokumenterer resepsjonshistoria til olavstradisjonen gjennom eit imponerande mangfald av kjelder. Slik sett er boka eit kjærkome referanseverk for alle kulturinteresserte og ei nyttig kjelde til kunnskap for alle som førebur markeringar rundt om i landet som ein del av Nasjonaljubileet 2030. I tråd med intensjonen sin held Hodne seg strengt til respesjonshistoria og startar framstillinga med helgenkåringa, utan å gå inn i diskusjonen om vikingkongen Olav og Heilag Olav. Slik gjer han på ein måte prosjektet enklare for seg, da mykje av spenninga og også paradoksa i olavstradisjonen spring ut av tilhøvet mellom krigarkongen og helgenen.
Hodne skriv med engasjement og entusiasme, og det finst knapt nokon annan som har eit så vidsveimd kulturhistorisk overblikk til å ta for deg olsokresepsjonen som han. Han er svært grundig i måten han framstiller kjeldetilfanget på, og gir stort rom for sitat i sin eigen tekst. Føremonen med det er at vi kjem svært tett på språket kring olsoktradisjonen i ulike historiske epokar og i ulike genrar, anten det gjeld mellomalderliturgiar, reformatoriske fordømmingar, dikt og talar eller vår tids byråkratiske utgreiingsspråk. Ulempen med måten Hodne bruker sitata på, er at dei stundom kan bli for lange og omstendelege, og at direkte sitat og hans eigne referat av sitat tidvis kan vere vanskelege å skilje. Det medfører også at det kan vere problematisk å få grep på hans eiga vurdering av kva verdiar i olavstradisjonen det er viktig å ta vare på og utvikle vidare i møte med vår tids utfordringar. Det blir arbeidd aktivt med slike problemstillingar i ulike fagmiljø innanfor ramma av Nasjonaljubileet 2030, og i så måte kan eit nyttig supplement til Hodnes bok vere ei anna bok frå i fjor, Norges evige konge? 12 aspekter ved moderne olavsarv, redigert av Idar Kjølsvik.
Hodnes bok er forvitneleg og relevant lesnad, ikkje minst for oss prestar. Mange av oss er allereie og andre vil i dei nærmaste åra utvilsamt bli engasjert i markeringar og ordskifte knytt opp mot det store Nasjonaljubileet 2030. Da gir Hodnes kyndige og grundige kulturhistoriske bakgrunnsteppe god ballast for refleksjon kring olavsarven både i kyrkja og samfunnet elles.