Bokomtale: Men hva med de andre?
Halvor Nordhaug: Men hva med de andre? Kristendommen og religionene. Vårt Land forlag 2020, 151s.
Sunne refleksjonar om store spørsmål
Under lesinga av denne boka dukka følgande minne opp: Eg underviste i truslære på ein presteskole der dei alle fleste studentane var første eller andre generasjons kristne. Eg presenterte ulike forståingar av forholdet mellom religionane, og spurte studentane korleis dei tenkte. Etter ein liten pause retta ein elev handa i været og sa: Her tenker vi enkelt: Jesus er einaste vegen til frelse, ferdig med det! Eg spurte tilbake – men korleis tenker du om bestefar din, som døde før kristendommen kom til din landsby? Det verka som om han ikkje heilt skjøna spørsmålet, men så smilte han og sa: -Nei han er sjølvsagt også omfatta av Jesus sin nåde. Om ikkje han er i himmelen, vil ikkje eg heller dit!
Det er store spørsmål Halvor Nordhaug inviterer oss til å tenka på i si bok. Han tar sitt ansvar som vegleiar og med-tenkar på alvor. Dette er ikkje første gangen har tar for seg spørsmål som er viktige for både enkeltpersonar og kyrkje, og tar oss med på vandring og refleksjon omkring dei. Slik fyller han ei viktig oppgåve både i forhold tenkande menneske med tru, og i forhold til prestar: han hjelper oss til å sortera og orientera oss i ei kompleks verd der mange ting har endra seg i løpet av ein liten generasjon.
Denne gongen er det spørsmålet forholdet mellom religionane han tar opp: Korleis tenker vi om andre religionar? Kan vi samtala, samhandla og samverka med dei – og i tilfelle korleis?
Det er mange store spørsmål på få små sider. Men boka gir meining, og stort sett leverer han på dei premissa han sjølv set opp. Norhaug skriv enkelt og tydeleg. Han trekker på brei teologisk kunnskap og lesing, og evnar å formidla forståeleg utan å banalisera.
Modellar, dia-log og dia-praksis
I dei to første kapitla presenterer han ulike religionsteologiske modellar – altså ulike måtar å tenka forholdet mellom kristendom som sann religion og andre religionars eventuelle sanningskrav. Dei ulike tilnærmingsmåtane kallar han eksklusivisme, inklusivisme, pluralisme og partikularisme. Samtidig knytar han dette til si vandring sidan han som gymnasiast først blei presentert for «problemet» med dei andre si tru. Han avsluttar desse refleksjonane med å plassera seg sjølv i forhold til modellane.
I dei to neste kapitla drøftar korleis religionsdialog er blitt ein viktig del av den kristne kyrkjas oppgåve og måte å fungera på i møte med eit fleirreligiøst samfunn. Det gjeld både som nasjonal institusjon og som lokal ressurs. Deretter drøftar han korleis kristne og kyrkjer kan samhandla med andre truande. Norhaug tar opp alt frå meir etisk basert samfunnsengasjement til gode løysingar på spørsmål som oppstår når menneske med ulike tru møtest, enten til sorg eller fest.
Så avrundar han heile drøftinga av religionsmøta med ein ein presentasjon av Jan Olav Henriksens sine kritiske tankar om bruka av modellar i det heile. Henriksen gjer seg til talsperson for det han kallar pragmatisk teologi, og Nordhaug følger han eit godt stykke på veg, utan å forkaste det pedagogisk avklarande ved bruk av modellar.
Bokas siste kapittel er ei kort oppfølging av hans førre bok, om forholdet mellom stat og kyrkja. Her trekker Nordhaug opp noen linjer om korleis han meiner Den norske kyrkja, som landets folkekyrkje, bør manøvrera i samfunnet. Her er Nordhaug i endå sterkare grad på heimebane enn i resten, og eg finn hans oppsummerande tankar både velgrunna og balanserte.
Misjon?
Under heile drøftinga av forholdet mellom religionane og om korleis Jesus er eineståande og kristendommen er sanning, ligg spørsmålet om kyrkjas misjonsoppdrag: Korleis kan vi uttrykka oss meir nyansert og tolerant utan at det går ut over kyrkjas rett og plikt til å formidla dei gode nyhetene til menneske som ikkje kjenner det?
Dette er ein dirrande streng gjennom heile Nordhaug sin tekst. Lese frå min synsstad som både «misjonsvenn», tidlegare misjonær og misjonsleiar, og genuint opptatt av samverke mellom menneske med ulike trusretningar, opplever eg Nordhaugs bok nyttig, konstruktiv og utfordrande.
Den er nyttig fordi Norhaug tar opp spørsmål som er aktuelle og viktige for menneske i lokalmenigheten. Samtidig er dei nyttige for den vegleiingsoppgåva kyrkjas prestar skal utføra både på preikestol og i andre leiaroppgåver.
Boka er konstruktiv fordi Norhaug på få sider presenterer ulike svar, opnar for at både trua og det bibelske materiale inneber eit visst mangfald; samtidig som han viser stor respekt både for tradisjon og for bibelske sanningar.
Samtidig utfordrar han: Hans skildrar korleis arbeidet med desse spørsmåla har påverka korleis han plasserer seg sjølv i høve til modellane (s.64). Slik eg les han, kunne han like gjerne hamna ein annan plass. Men det viktige her er at han utfordrar oss som prestar og truande til å ta desse spørsmåla på alvor. Han utfordrar oss til å våga å bruka dei tunge orda om frelse og fortaping, for menneske lurer på dette. Han utfordrar oss til å møta dei vanskelege spørsmåla med større frimod.
I kapittelet om dialogens vesen kviler han sterkt på ei bok av Catherine Cornille. Der er mye godt å henta, og eg kjenner mye av dette igjen i frå det arbeidet eg som misjonsprest sto i i møte med ulike kulturelle ytringar og former – altså i høve til det vi kallar kontekstualisering av trua. Dette viser for meg at mangt av det ein før gjerne tenkte som misjonsspesifikke problemstillingar ganske fort er blitt svært relevante i møte med vårt eige kulturelle og religiøse mangfald.
Innvendingar? Boka kunne vore stramma litt opp, Nordhaug gjentar same resonnement i fleire kapittel (1, 2 og 5). Men samtidig er det fordi han tar oss med i si eiga vandring med desse spørsmåla. Norhaug er blitt kritisert fordi hans tilnærming undergrev kyrkjas globale misjonsoppdrag. Det er ikkje slik eg les han. Tvert imot er kyrkjas oppdrag meir basert på ønsket om å formidla gode nyheter (evangeliet) og å la menneske møta og leva på dei både her i livet og i æva, enn å hindra at dei fell over stupet og ned i fortapinga. Det biletet har historisk spelt ei sterk rolle i den protestantiske misjonsrørsla. Men ein treng ikkje vera tilhengar av ein brutal ekslusivisme for å støtta kyrkjas globale misjonsoppdrag.
Nordhaug har ikkje gitt alle endelege svar. Det er heller ikkje sikkert at hans sondring mellom å tru og å håpa, som ein måte å handtera spørsmålet om at alle blir frelst til slutt, tilfredsstiller alle spørsmål. Men i boka hjelper han oss til gi retning til dei uferdige tankane mange av oss arbeider med i desse spørsmåla.