Bokomtale: Boka om boka
Hans Johan Sagrusten: Boka om boka – gjennom to tusen år, Verbum forlag 2019
Av Arne Berge, sokneprest i Hinna
Denne boka er både underhaldande og lærd. Hans Johan Sagrusten skriv på den eine sida ei generell bokhistorie, på den andre sida let han denne historia handla spesifikt om Bibelen. Han gir kunnskap om papyrus og pergament, om handskrivne og trykte bøker. Alt dette gjennom ei velskriven historie om koss Bibelen har blitt produsert og delt gjennom to tusen år.
Boka er disponert slik at eg som lesar arbeider meg bakover i historia, på same måte som ein arkeolog grev seg ned til stadig eldre kulturlag. Det er ei god tilnærming til stoffet. Sagrusten vil føra oss tilbake til bokformatet sine røter. Mot slutten av boka argumenterer han for metoden sin; han sluttar frå det me veit til det me ikkje veit og meiner dermed å ha unngått å begynna den historiske gjennomgangen med ein usikker teori.
Boka er delt i seks delar med til saman 70 korte kapittel. Første del av boka handlar blant anna om digitale format på frammarsj. Sagrusten er ikkje negativ til den nye teknologien, han peiker heller på likskapen mellom lesinga av dei antikke bokrullane og skrollinga på mobilen eller nettbrettet. Han skriv også om ideen «Bibelen» i eit folkeleg perspektiv, der ei omfattande bok om grilling lett kan bli kalla «grillbibelen». Denne innleiingsdelen blir utgangspunkt for vandringa bakover i bokhistoria. I ein sjette og avsluttande del kjem forfattaren tilbake til vår tid og det skiftet i format som me nå ser i bokteknologien.
Den andre delen handlar om «gamle bøker», det vil seia gamle, trykte bibelutgåver. Sagrusten skriv om utviklinga som førte til at Bibelen blei allemannseige. Han skriv også om papir, skrifttypar og svart innbinding, – og sjølvsagt om Gutenberg og boktrykkarkunsten.
I tredje del skriv Sagrusten om handskrivne manuskript i mellomalderen. Her likte eg særleg godt omtalen av klostera og deira tyding, om Benediktes regel og ikkje minst omtalen av den bibliofile Cassiodor på 500-talet. Han sette munkane til å kopiera den klassiske litteraturen. «Utan innsatsen i klostera ville litteraturen frå antikken ha gått tapt i mellomalderen» (side 108). I denne delen av boka er det elles nokre avsnitt der det var fare for at eg skulle falla av lasset. Eg tenker for eksempel på den detaljerte gjennomgangen av fjørpennar og blekktypar. Men me er jo forskjellige; andre lesarar vil kanskje finna nettopp dette særs interessant.
Fjerde del handlar om utviklinga i oldkyrkja. Her får me historia om overgangen frå skriftrull til bokformatet kodeks. Denne delen av boka inneheld godt stoff om dei store praktbiblane frå 300-talet. Høgdepunktet for meg var likevel kapitlet om avskrifthistoria til det litle skriftet om Polykarps martyrium. Det er den namnlause skaren av skrivarar som er heltane i historia, skriv Sagrusten her. Eg merka meg også den fine omtalen av Bart D. Ehrman sin teori om bøkene si spesielle tyding for dei kristne i antikken.
I femte del fører Sagrusten oss så langt tilbake i historia som han ønsker, til første hundreår før og etter Kristi fødsel. Dei første kristne nytta truleg kodeksen tidlegare enn samfunnet rundt dei. Kanskje var samlinga av Paulusbreva medverkande til dette? Kanskje begynte Markusevangeliet å sirkulera i kodeksformat? Kanskje handlar «Kristi ord» i Kol 3,16 konkret om tidlege evangeliebøker? I denne delen, som for meg var eit høgdepunkt under lesinga, drøftar Sagrusten fleire spørsmål knytt til det NT sjølv seier eller underforstår om bøker. Overraskande nok (for meg) endar denne bokhistoria likevel opp hos Julius Caesar, med ein teori om at han personleg kan ha vore den første som begynte å bruka ein kodeks, altså ei bok av papyrus med sider til å bla i!
Hans Johan Sagrusten har i ein annan samanheng omtalt seg sjølv som bibelnerd. Eg er glad det finst slike nerdar. Nokre vil forresten kanskje også plassera meg som prest i ein slik kategori. Uansett: Eg tenker at me treng slike som Sagrusten som evnar å popularisera den grundige kunnskapen han har skaffa seg og som løftar fram Bibelen på ulike og overraskande måtar. Boka om boka peiker på Bibelen som eit lokomotiv som har drive bokhistoria framover. «I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og vår eigen kultur» skriv forlaget på omslaget.
Det verkar som forfattaren har hatt det underhaldande både i skriveprosessen og i forarbeidet med å skaffa seg oversikt over den hittil to tusen år lange bokhistoria. Og eg hadde det mange gonger underhaldande under lesinga.