Bokomtale: Derfor sørger jorden

Peter Halldorf: Derfor sørger jorden, Verbum forlag 2020

Peter Halldorf har skreve ei kort, lita bok om klima og kristen tru. Svenske Peter Halldorf er etter kvart eit svært så kjent namn også i Norge og vi er mange som har funne inspirasjon i Halldorf sine bøker. Halldorf skriv med varme og engasjement, og slik er det også i denne boka, sjølv om tema og utganspunkt er dystert. «Jeg tror ikke vi har noen grunn til å føle håp.» lyder første setning. Dette er eit sitat frå regissøren Paul Schrader i forbindelse med filmen hans First Reformed, ei forteljing om eksistensiell fortviling i møte med ei uunngåeleg miljøkatastrofe. Schrader seier vidare: «Den som er optimist i dag, er rett og slett ikke oppmerksom». Halldorf fortel at Schrader går derifrå til spørsmåla «Velger du å håpe? Velger du å tro? Eller kapitulerer du overfor fortvilelsen?» Halldorf gjer eit solid hopp og peiker på at denne skilnaden også var høgst relevant for hebreerane som på begynnelsen av 500-tallet blei ramma av ei valdsam katastrofe; nemleg at ei framand hær inntok landet deira og bortførte folket til eksil i Babylon.

Halldorf si eiga tilnærming til spørsmåla om klimakrisa har vore lesing av dei hebraiske profetane. Denne nærlesinga av profetlitteraturen i det gamle testamentet, og då særleg Jesaja, heldt Halldorf på med stort sett dagleg i seks år. Det han fann der var augeopnande og førte til at han dei siste to åra har prøvd å lytte med større merksemd til kva forskarane seier om klimautfordringane og dei potensielle konsekvensane dei vil få. Dette, saman med spenninga mellom dei to bibelske utsegna om at «himmel og jord skal forgå» og «vi venter på en ny himmel og en ny jord, hvor rettferdighet bor» er Halldorf sine utgangspunkt for denne boka om håp i møte med klimatrusselen.

På cirka 35 sider presenterer han klimatrusselen vi står overfor på ein kort og konsis måte. For dei som måtte ynskje å lese meir utfyllande om dette kunne det vore nyttig om artiklane han her viser til var med i litteraturlista. Alle som har lytta til klimaforskarane sine åtvaringar og fylgt med på den såkalla klimadebatten dei siste åra vil kjenne godt igjen det Halldorf her presenterer, men det å få det kort oppsummert slik, blir til eit alvor som verkeleg kjennest i magen. Samtidig får eg stadig slike påminningar, og ofte kan dei verke paralyserande og eg blir sitjande igjen med spørsmålet om eg i det heile teke kan bidra med noko i den store samanhengen eller om det djupast sett er slik at vi står makteslause og ikkje kan gjere noko. Nettopp her tenker eg at boka til Halldorf er viktig, for han kvir seg ikkje for å presentere situasjonen så håplaus som den enn kan sjå ut, og samtidig reflekterer han over kva det vil seie å ha håp når alt ser håplaust ut.

Økoteologi slik vår kyrkje ofte har presentert det har vore å vise til Genesis og vårt ansvar som gartnarar i Guds hage med eit ansvar om å forvalte Guds skaparverk. Hos Halldorf er kristologien det avgjerande forankringspunktet for økoteologien. Han skriv: «En spesifikk kristen «økoteologi» tar ikke bare utgangspunkt i Gud som verdens skaper – noe som er veldig viktig, men noe kristentroen deler med de andre monoteistiske religionene – den er fremfor alt rotfestet i inkarnasjonen.»  Her viser Halldorf til Rowan Williams si bok Christ the Heart of Creation. Halldorf bringer inn mange teologar frå ulike tradisjonar og tidsepokar, noko som har fått enkelte til å hevde at det blir for mykje av det i hans tekstar. Det er eg ikkje samd i, men eg ynskjer tidvis i denne boka at han kunne fått rom til å utdjupe endå meir. Samtidig er ikkje dette ei bok først og fremst for teologar, og slik den er no er den tilgjengeleg for eit breiare publikum. Boka er liten og kort, men loddar djupt og har interessante poeng også for ein teolog, og ikkje minst mange gode idear til vidare lesing. Ei innvending eg har mot boka er inndelinga i 100 små kapittel. Eg opplever det heile vel korthogd og oppstykka, utan at det er heilt klart for meg kvifor dei er delt opp slik dei er. Ei mogleg positiv side kan kanskje vere at den for enkelte vert meir overkommeleg å lese. Halldorf sin kjennskap og kjærleik til mange av dei austkyrkjelege teologane (både av eldre og nyare dato) kjem tydeleg fram, og kan vere interessante nye oppdagingar for mange og skape lyst til å utvide den teologiske horisonten austover.

«Alt i kristendommen – all teologi, all gudstjeneste, all forkynnelse, alt disippelskap, all etikk – kretser rundt et avgjørende drama: påsken.» Og nettopp når Halldorf tek føre seg påska ausar han frå den austlege teologien sine kjelder. Kristologien sin naturlige konklusjon er eskatologien, seier Halldorf. «Da Kristus overskred dødens grense, overskred han også framtidens grense. Det er denne hendelsen – Jesu oppstandelse frå de døde – som skiller den kristne forståelsen av framtiden fra utopien». Det er Kristi oppstode som er hendinga som gjer at vi kan håpe når alt ser håplaust ut. (Jf. Schraders ord i opninga.) For Halldorf er ikkje dette berre eit svevande framtidshåp, men ei utfordring til handling her og no. Vi må gjere det vi er overbevisst om er rett, sjølv om vi ikkje kan vere sikre på kva resultatet av handlingane våre vil bli. Vårt ansvar er å gjere det vi kan, hevdar Halldorf, fordi «spenningen mellom nåtiden og framtiden, mellom det vi ser og det vi er blitt lovet, gjør at vi aldri kan bli tilfreds med verden slik den er. Et levende håp slår seg ikke til ro, det vekker uro […] Et levende håp gir krefter til å skape det som er godt, i påvente av det som er bedre.»

Halldorf poengterer at håpet ikkje berre er analyse og innsikt, men «en revolusjonær åndelig praksis». Eg håper mange vil lese denne boka av Peter Halldorf og at den kan vere ein start på viktige samtaler som kan gje oss mot til å skape endringane som er naudsynte for jorda, oss sjølve og etterkomarane våre. For som Halldorf seier, «sant håp skaper mot, kreativitet og handlingkraft».

Relaterte artikler

Kurs i klimateologi for prostiet – bli med

Presteforeningens prosjektgruppe for klima og bærekraft vil oppfordre prostilag til å melde seg på det nye videreutdanningskurset i klimateologi: "Teologi for en truet jord". Husk søknadsfristen til REU 15. september.

More-button